Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Weekly Medjugorje Messages » Weekly Medjugorje Messages

Weekly Medjugorje Messages

"Kjære barn! Eg kallar dykk til å vera eksempel for andre i alt, særskilt i bøn og vitnesbyrd! Kjære barn, utan dykk kan eg ikkje hjelpe verda. Eg ynskjer at de samarbeider med meg i alt, sjølv i dei minste tinga. Difor, kjære barn, hjelp meg ved å lata bønene dykkar koma frå hjartet, og at alle overgjev seg fullstendig til meg. På den måten skal eg vera i stand til å lære og leie dykk på vegen som eg har begynt med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til bøn og faste. De veit, kjære barn, at med dykkar hjelp kan eg fullføra alt og tvinga Satan til ikkje å lokke til det vonde og å fjerna han frå denne staden. Kjære barn, Satan ligg på lur etter kvar person. Særleg i det daglege ynskjer han å spreie forvirring mellom kvar og ein av dykk. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til at dagane dykkar berre blir fylde av bøn og at de overgjev dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I desse dagane når de glade lovprisar krossen, ynskjer eg at krossen dykkar også vil bli til glede for dykk. Kjære barn, be særleg om at de blir i stand til å akseptere sjukdom og lidingar med kjærleik, på same måte som Jesus gjorde. Berre på den måten blir eg i stand til med glede å gje dykk den nåde og dei helbredingar som Jesus tillet meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg dykk på nytt for alt de har gjort for meg desse dagane. Særskilt takkar eg dykk i Jesu namn, kjære barn, for alle offer de har gjort sist veke. Kjære barn, de gløymer at eg ynskjer offer frå dykk, slik at eg kan hjelpe dykk med å drive Satan vekk frå dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Med dykkar eigen fred kallar eg dykk til å hjelpe andre med å sjå og å begynne med å leite etter fred. De er i fred, kjære barn, og forstår ikkje ufred. Difor kallar eg dykk slik at de gjennom bøn og liva dykkar hjelper til med å øydeleggje alt som er vondt i folk, og å avdekkje narreriet som Satan brukar. De skal be om at sanninga må vinne i alle hjarte. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn. De, kjære barn, er ikkje i stand til å forstå kor stor verdien av bøn er, så lenge de sjølve ikkje seier; no er det tid for å be, no er ikkje noko anna viktig for meg, no er ikkje nokon annan enn Gud viktig for meg. Kjære barn, vie dykk med kjærleik til bøn, slik at Gud blir i stand til å gje dykk nåde. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De veit at eg ynskjer å leie dykk på den heilage vegen, men eg vil ikkje tvinge dykk til å bli helgnar. Eg ynskjer at kvar og ein av dykk med små avkall hjelper dykk sjølve og meg, slik at eg frå dag til dag kan leie dykk til å bli meir heilage. Difor, kjære barn, ynskjer eg ikkje å tvinge dykk til å etterleva bodskapane, men at eg er med dykk så lenge er eit teikn på at eg elskar dykk umåteleg, og at eg ynskjer at kvar og ein skal bli heilag.Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor mykje eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til bøn og fullstendig overgjeving til Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt om å be. Eg ber dykk særskilt om å be om fred, kjære barn. Utan dykkar bøner, kjære barn, kan eg ikkje hjelpe til med å oppfylle bodskapane eg fekk frå Herren for å gje til dykk. Difor, kjære barn, be slik at de gjennom bøn vil forstå kva Gud gjev dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til på fullt alvor å ta imot og etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, det er for dykkar skuld eg har vorte her så lenge for å hjelpe dykk med å verkeleggjera alle dei bodskapane eg gjev dykk. Difor, kjære barn, oppfyll av kjærleik til meg alle bodskapane eg gjev dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]