Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'på'

Medjugorje Budskapene containing 'på'

Total found: 515
"Kjære barn! Utan bøn er det ingen fred. Difor seier eg til dykk, kjære barn, be om fred ved foten av krossen. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, så vil de sjå kor mykje synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk som fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte ein vane som ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg åvera så lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Med bønene dykkar har de hjelpt meg framover med å realisere planane mine. Hald fram med å be om at planane mine kan bli heilt fullførde. Eg oppmodar familiane i soknet om å be familie-rosenkransen. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg fortelja dykk at de, nytt og nytt,gjer meg glad med bønene dykkar, men det er mange nok av dei i dette soknet som ikkje ber, og det gjer hjartet mitt sørgjelegt. Difor, be om at eg kan bringe alle dykkar offer og bøner til Herren. Takk for at de har svara mitt kall. "
I denne bodskapen blir det referert tilprøving av folket. Denne prøvinga var mykje regn midt under innhaustinga av druene:
"Kjære barn! Takk for at de har via alt dykkar harde arbeid til Gud, sjølv no når Han prøver dykk gjennom druene de plukkar. Vær sikre, kjære barn, at Han elskar dykk og difor prøver Han dykk. Legg alltid fram byrdene dykkar for Gud og vær ikkje engstelege. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat den vera ein synleg stad slik at denalltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Idag kallar eg dykk til fornying av bøn i heimane ykkar. Arbeidet jordene er over. Vie dykk no til bøn. Lat bøn få den fyrste plassen i familiane dykkar. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! De er ikkje medvetne bodskapane som Gud sender dykk gjennom meg. Han gjev dykk stor nåde og de forstår det ikkje. Be til Den Heilage Ande om klarsyn. Om de berre visste kor stor nåde Gud gjev dykk, ville de be utan opphald. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne alle bodskapane som eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Lev alle dei viktigaste bodskapane desse dagane og hald fram til torsdag med å late dei slå rot i hjarto dykkar. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Nei, de veit ikkje korleis de skal elska og de veit ikkje korleis de skal lytte med kjærleik til orda eg gjev dykk. Vær klar over, mine kjære, at eg er Mor dykkar og at eg kom til jorda for å lære dykk å lytte med kjærleik og å be med kjærleik, og at de ikkje er tvungne til å bera ein kross. Gjennom krossen er Gud opphøgd i alle menneske. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane inviterer eg dykk til å be i familiane. Mange gonger har eg gjeve dykk bodskapar i namnet åt Gud, en de har ikkje høyrt meg. Denne jula vil bli ugløymeleg for dykk berre dersom de tek imot bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, lat ikkje denne gledesfylte dagen bli min mest sorgtunge dag. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara itt kall. "
"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Denne jula ynskte Satan ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane har Herren skjenka dykk stor nåde. Lat denne veka bli ei veke med takkseiing for all nåde Gud har gjeve dykk. Takk for at de har svara mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men grunn av dei som ein spesiell måte er nære hjartet mitt - grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara mitt kall. "
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver vakt! "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 26 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]