Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'mine'

Medjugorje Budskapene containing 'mine'

Total found: 290
"Kjære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i fastetida, på ein særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem. "
(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg. "
(Mange av dei truande var sjokkerte av den siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville gje fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"Eg talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar! "
"Kjære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Be fordi Satan ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og overgjev dykk til Jesus i bøn. "
"Kjære barn! Eg bønfell dykk, særleg dei frå dette soknet, om å leva etter bodskapane mine og overbringe dei til andre, til alle de møter. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Med bønene dykkar har de hjelpt meg framover med å realisere planane mine. Hald fram med å be om at planane mine kan bli heilt fullførde. Eg oppmodar familiane i soknet om å be familie-rosenkransen. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Nei, de veit ikkje korleis de skal elska og de veit ikkje korleis de skal lytte med kjærleik til orda eg gjev dykk. Vær klar over, mine kjære, at eg er Mor dykkar og at eg kom til jorda for å lære dykk å lytte med kjærleik og å be med kjærleik, og at de ikkje er tvungne til å bera ein kross. Gjennom krossen er Gud opphøgd i alle menneske. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt! "
"Kjære barn! I dag er dagen då eg gjev dykk ein bodskap til soknet, men heile soknet tek ikkje imot bodskapane og etterlever dei ikkje. Eg er skuffa og eg vil at de, kjære barn, skal lytte til meg og etterleva bodskapane mine. Alle familiane må be familiebøner og lesa i Bibelen! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk til å lytte til bodskapane mine, og så vil de bli i stand til å etterleva alt det Gud ber meg overføre til dykk. Opne dykk sjølve for Gud så vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å gje dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag velsignar eg dykk og eg ynskjer å fortelja dykk at eg elskar dykk, og at eg innstendig bed dykk om å etterleva bodskapane mine. I dag velsignar eg dykk med den høgtidelege velsigninga som Den Allmektige gev meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Frå dag til dag ynskjer eg å kle dykk med det heilage, det gode, det lydige og med Guds kjærleik, slik at de for kvar dag kan bli vakrare og meir klargjorde for Herren. Kjære barn, høyr etter og lev bodskapane mine. Eg ynskjer å leie dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg vil takke alle som har lytta til mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik. Overgjev hjarto dykkar til meg! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å gje dykk min kjærleik. De veit ikkje, kjære barn, kor stor kjærleiken min er, og de veit ikkje korleis de skal ta imot han. På forskjellige måtar ynskjer eg å syne kjærleiken til dykk, kjære barn, men de gjenkjenner han ikkje. De forstår ikkje orda mine med hjarta dykkar, og de er heller ikkje i stand til å forstå kjærleiken min. Kjære barn, godta meg i liva dykkar så vil de bli i stand til å akseptere alt eg seier til dykk, og som eg kallar dykk til. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn til nokon eller noko.Eg kallar dykk til alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som Satan ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 15 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]