Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'kvifor'

Medjugorje Budskapene containing 'kvifor'

Total found: 4
(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg. "
"Kjære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer på kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, så vil de sjå kor mykje synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å gje meg dykkar hjarte, slik at eg kan endre det slik at det liknar på mitt. De spør, kjære barn, kvifor de ikkje kan svara på alt eg søkjer hjå dykk. Det er de ikkje i stand til fordi de ikkje har gjeve meg hjarta dykkar slik at eg kan endre det. De pratar, men gjer ikkje. Eg kallar dykk til å gjera alt det eg fortel dykk. På den måten vil eg vera med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å tenkje over kvifor eg er med dykk så lenge. Eg er meklaren mellom dykk og Gud. Difor, kjære barn, ynskjer eg å kalle dykk til alltid å leva i kjærleik, alt det Gud ynskjer av dykk. Av den grunn, kjære barn, etterlev med audmjuke alle bodskapane eg gjev dykk.Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]