Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'jula'

Medjugorje Budskapene containing 'jula'

Total found: 6
"Kjære barn! Desse dagane inviterer eg dykk til å be i familiane. Mange gonger har eg gjeve dykk bodskapar i namnet åt Gud, en de har ikkje høyrt på meg. Denne jula vil bli ugløymeleg for dykk berre dersom de tek imot bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, lat ikkje denne gledesfylte dagen bli min mest sorgtunge dag. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:
"Eg ynskjer at de skal vera ein blome som vil blomstre for Jesus til jul, og ein blome som ikkje vil halde opp med å blomstre når jula er over. Eg vil at hjarto dykkar skal vera gjetarar for Jesus. "
"Kjære barn! Denne jula ynskte Satan på ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med på fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å førebu dykk til jul gjennom bot, bøn og friviljugt arbeid. Kjære barn, vær ikkje opptekne av materielle ting, for då blir de ikkje i stand til å oppleve jula. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Min invitasjon for jula er at me saman lovprisar Jesus. Eg gjev han til dykk på ein spesiell måte den dagen og eg inviterer dykk med meg til å prise Jesus ved Hans fødsel. Kjære barn, be meir og tenk meir på Jesus den dagen. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg til å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du overgjev deg til Han. Særleg i jula vil eg gje mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]