Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'hjartet'

Medjugorje Budskapene containing 'hjartet'

Total found: 16
"Kjære barn! Denne kvelden ber eg om at de spesielt ærar hjartet til Sonen min, Jesus. Gjer godt att for såra som er påførde hjartet til Sonen min. Det hjartet er krenkt av all slags synd. Takk for at de har kome denne kvelden. "
"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Be fordi Satan ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og overgjev dykk til Jesus i bøn. "
"Kjære barn! I dag kallar eg på dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk som fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte ein vane som ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg åvera så lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg fortelja dykk at de, på nytt og på nytt,gjer meg glad med bønene dykkar, men det er mange nok av dei i dette soknet som ikkje ber, og det gjer hjartet mitt sørgjelegt. Difor, be om at eg kan bringe alle dykkar offer og bøner til Herren. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å be med hjartet, og ikkje berre av vane. Nokre kjem, men ynskjer ikkje å koma framover i bøn. Difor vil eg åtvare dykk som ei mor: Be om at bøn alltid fyller hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk på nytt til bøn med hjartet. Kjære barn, lat bøn på ein særskild måte bli kvardagsmat for dykk når arbeidet dykkar på markene slit dykk så ut at de ikkje kan be med hjartet. Be, og så skal de til og med sigre over alt slit. Bøn vil bli dykkar glede og kvile. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å elske naboen dykkar og framfor alt om å elske dei det kjem vondskap frå. På den måten vil de med kjærleik bli i stand til å skjelne mellom formåla til hjartet. Be og elsk, kjære barn! Med kjærleik er de i stand til å gjera det de til og med trur er umuleg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over kvart barn som kjem attende til meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! På nytt inviterer eg dykk til å be med hjartet. Om de ber med hjartet, kjære barn, vil dei iskalde hjarto til brørne dykkar smelte og alle hindringar vil forsvinne. Omvending vil bli lett for dei som ynskjer å ta imot ho. Du må be om at naboen din må få denne gåva. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Dette soknet, som eg har valt, er spesielt og annleis enn andre. Og eg gjev stor nåde til alle som ber med hjartet. Kjære barn, eg gjev bodskapane fyrst og fremst til innbyggjarane i soknet, og så til alle andre. Fyrst av alt må de akseptere bodskapane, og så dei andre. De skal stå til ansvar overfor meg og Sonen min, Jesus. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å vera eksempel for andre i alt, særskilt i bøn og vitnesbyrd! Kjære barn, utan dykk kan eg ikkje hjelpe verda. Eg ynskjer at de samarbeider med meg i alt, sjølv i dei minste tinga. Difor, kjære barn, hjelp meg ved å lata bønene dykkar koma frå hjartet, og at alle overgjev seg fullstendig til meg. På den måten skal eg vera i stand til å lære og leie dykk på vegen som eg har begynt med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn med heile hjartet og at de dag for dag forandrar liva dykkar. Eg kallar dykk særleg, kjære barn, at de med dykkar bøner og offer tek til å leva eit heilagt liv, fordi eg ynskjer at kvar og ein av dykk som har vore ved denne heilage kjelda kjem til paradiset med den spesielle gåva som de skal gje meg, nemleg det heilage. Difor, kjære barn, be dag ut og dag inn for å få endra liva dykkar slik at de kan bli heilage, så skal eg alltid vera nær dykk! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg på nytt Herren for alt Han gjer mot meg, særleg for den gåva at eg også i dag kan vera hjå dykk. Kjære barn, dette er dagane då Faderen gjev særlege nådegåver til alle som opnar hjarto sine. Eg velsignar dykk og ynskjer at også de, kjære barn, forstår nådegåvene og stiller dykk sjølve til rådvelde for Gud, slik at Han kan bli herleggjord gjennom dykk. Hjartet mitt følgjer utviklinga dykkar nøye. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]