Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'er'

Medjugorje Budskapene containing 'er'

Total found: 376
"Kjære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt! "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de skal koma nærare Faderen og at Han alltid vil gje rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag er dagen då eg gjev dykk ein bodskap til soknet, men heile soknet tek ikkje imot bodskapane og etterlever dei ikkje. Eg er skuffa og eg vil at de, kjære barn, skal lytte til meg og etterleva bodskapane mine. Alle familiane må be familiebøner og lesa i Bibelen! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk for siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av fastetida vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å gje bodskapar. Gud tillet meg det. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å leva ordet denne veka: "Eg elskar Gud!" Kjære barn, gjennom kjærleik vil de oppnå alt - til og med det de trur er umuleg. Gud vil at dette soknet skal tilhøyre Han heilt. Og det ynskjer eg òg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn, gje dei lyset! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å gje bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å gje dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"De soknebarn har ein stor og tung kross, men vær ikkje redde for å bera han. Sonen min er med dykk og Han vil hjelpe dykk. "
"Kjære barn! Nei, de veit ikkje kor stor nåde Gud gjev dykk. De ynskjer ikkje å koma lenger framover i desse dagane når Den Heilage Ande verkar på ein særleg måte. Hjarto dykkar er vende mot jordiske ting og dei okkuperer dykk. Vend hjarto dykkar mot bøn og be om at Den Heilage Ande må bli tømd ut over dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til meir aktiv bøn og deltaking under Den Heilage Messe. Eg ynskjer de skal oppleve Gud i messene dykkar. Eg ynskjer særskilt å seia til unge menneske: Vær opne for Den Heilage Ande fordi Gud ynskjer å dra dykk til seg i desse dagane då Satan er aktiv. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Fram mot årsdagen oppmodar eg dykk, soknet, til å be meir og å lata bønene dykkar vera eit teikn på overgjeving til Gud. Kjære barn, eg veit at de alle er trøytte, men de veit ikkje korleis de skal overgje dykk til meg. Gje dykk heilt og fullt over til meg gjennom desse dagane! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Til denne festdagen (årsmarkeringa) ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for han som er Herre for alle hjarto. Gje meg alle kjenslene dykkar og alle dykkar problem! Eg ynskjer å trøyste dykk i alle dykkar prøvingar. Eg ynskjer å fylle dykk med fred, glede og kjærleik frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Eg inviterer dykk til å oppmode alle om å be rosenkransen. Med rosenkransen vil de halde ut all motgang som Satan prøver å tilføre Den katolske kyrkja. Alle de prestar, be rosenkransen! Vie tida dykkar til rosenkransen! "
Denne bodskapen er svaret som Marija Pavlovic fekk på følgjande spørsmål: Jomfru Maria, kva ynskjer du å seia til prestar?
"Kjære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Særleg no i dag inviterer eg dykk til å ta opp kampen mot Satan med bøn. Satan vil kjempe endå meir no når de veit at han er i arbeid. Kjære barn, rust dykk for kamp og nedkjemp han med rosenkransen i hendene. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk om audmjukt til å etterleva alle bodskapane eg gjev dykk. Bli ikkje arrogante når de etterlever bodskapane ved å seia "eg etterlever bodskapane". Om de ber bodskapane i hjarto dykkar og etterlever dei, vil alle føle det slik at det ikkje er bruk for ord, som berre tener dei som ikkje vil lytte. De, kjære barn, treng berre å leva og vitne med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for meg. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle til det heilage slik at de kan gje det til andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 19 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]