Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'ei'

Medjugorje Budskapene containing 'ei'

Total found: 13
(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg. "
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria. "
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
"Kjære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på itt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane har Herren skjenka dykk stor nåde. Lat denne veka bli ei veke med takkseiing for all nåde Gud har gjeve dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane gjev Satan seg til kjenne på ein spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at kvart initiativ frå Satan fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk så lenge for å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å be med hjartet, og ikkje berre av vane. Nokre kjem, men ynskjer ikkje å koma framover i bøn. Difor vil eg åtvare dykk som ei mor: Be om at bøn alltid fyller hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over kvart barn som kjem attende til meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk alle til å be om at Guds planar for oss må bli realiserte, og at alt som Gud ynskjer gjennom dykk kan bli fullført! Hjelp andre med å bli omvende, særleg dei som kjem til Medjugorje. Kjære barn, lat ikkje Satan få kontroll i hjarto dykkar, slik at de blir ei etterlikning av Satan og ikkje av meg. Eg kallar dykk til å be slik at de kan bli vitne for mitt nærvær. Utan dykk kan ikkje Gud realisere det Han ynskjer. Gud har gjeve alle ei fri vilje, og de kontrollerer ho. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Denne fastetida er ei spesiell oppmoding for dykk til å endre dykk. Start frå no av. Slå av fjernsynet og fornekt andre ting som ikkje har nokon verdi. Kjære barn, eg kallar kvar og ein av dykk til omvending. Denne tida er for dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å invitere dykk til å leva i den heilage messe. Mange av dykk har følt kor vakker den heilage messe er, men det er også dei som kjem med uvilje. Eg har valt dykk, kjære barn, men Jesus gjev sine nådegåver til dykk i messa. Lev difor medvetne med i den heilage messe og lat det vera ei glede for dykk å koma. Kom og ta imot den heilage messe med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ber dykk om å ta til å forandre liva i familiane dykkar. Lat familien bli ein harmonisk blomst som eg kan gje til Jesus. Kjære barn, lat kvar familie bli oppteken av bøn, for eg ynskjer ein dag å sjå fruktene i familiane. Berre på den måten vil eg gje dykk alle som kronblad, som ei gåve til Jesus i samband med fullføringa av Guds plan. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å bestemme dykk om de er viljuge til å etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Eg ynskjer at de aktivt etterlever og vidarefører bodskapane. Kjære barn, eg ynskjer særleg at de alle blir ei etterlikning av Jesu lys, for å opplyse denne vantruande verda som vandrar i mørke. Eg ynskjer at de skal vera som lys for andre og vera vitne med lyset. Kjære barn, de er ikkje kalla til mørket, men til lyset. Lev difor lyset med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å begynne å be rosenkransen med ei levande tru. På den måten vil eg vera i stand til å hjelpe dykk. De, kjære barn, ynskjer å motta nåde utan at de ber. Eg kan ikkje hjelpe dykk, fordi de kjem ikkje i gang. Kjære barn, eg kallar dykk til å be rosenkransen, og at det å be rosenkrasen blir ei plikt for dykk som de vil fullføre med glede. På den måten skal de forstå grunnen til at eg er med dykk så lenge. Eg ynskjer å lære dykk å be. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]