Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'det'

Medjugorje Budskapene containing 'det'

Total found: 238
"I dag ynskjer eg å kalle dykk alle til skriftemål, sjølv om de har skrifta for nokre få dagar sidan. Eg ynskjer at de alle får oppleva festdagen min inni dykk. Men de kan ikkje oppleva det utan at de overgjev dykk fullstendig til Gud. Difor inviterer eg dykk alle til forsoning med Gud. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å gje bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å gje dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å seia til alle i soknet at de må be på ein særskild måte om visdom frå Den Heilage Ande. Frå i dag vil Gud prøve soknet på ein spesiell måte slik at Han kan styrkje det i trua. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg dykk for kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg for kvart hjarte som blir opna for Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene for opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dagane som kjem vil det koma folk frå alle nasjonar til soknet. Og no kallar eg dykk til å elske: Elsk fyrst av alt medlemme i dykkar eigne husstandar, og så vil de bli i stand til å akseptere og elske alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk til å lytte til bodskapane mine, og så vil de bli i stand til å etterleva alt det Gud ber meg overføre til dykk. Opne dykk sjølve for Gud så vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å gje dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg fortelja dykk at Gud vil sende dykk prøvingar, som de kan overvinne gjennom bøn. Gud prøver dykk gjennom det daglege arbeidet. Be no om fredfullt å stå imot alle prøvingar. Gjennom alle prøvingane frå Gud, vær opne for Gud og nærm dykk Han med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg dykk for alle bønene. Hald fram med å be endå meir slik at Satan held seg langt unna denne staden. Kjære barn, planen til Satan har mislukkast. Be om fullføring av det Gud planlegg i dette soknet. Eg takkar særskilt dei unge for offergåvene dei har gjeve. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt til krossen i heimane dykkar. Lov meg at de korkje vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk om audmjukt til å etterleva alle bodskapane eg gjev dykk. Bli ikkje arrogante når de etterlever bodskapane ved å seia "eg etterlever bodskapane". Om de ber bodskapane i hjarto dykkar og etterlever dei, vil alle føle det slik at det ikkje er bruk for ord, som berre tener dei som ikkje vil lytte. De, kjære barn, treng berre å leva og vitne med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for meg. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle til det heilage slik at de kan gje det til andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Frå dag til dag ynskjer eg å kle dykk med det heilage, det gode, det lydige og med Guds kjærleik, slik at de for kvar dag kan bli vakrare og meir klargjorde for Herren. Kjære barn, høyr etter og lev bodskapane mine. Eg ynskjer å leie dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å elske naboen dykkar og framfor alt om å elske dei det kjem vondskap frå. På den måten vil de med kjærleik bli i stand til å skjelne mellom formåla til hjartet. Be og elsk, kjære barn! Med kjærleik er de i stand til å gjera det de til og med trur er umuleg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg vil fortelja dykk at denne tida er særskilt for dykk frå soknet. Når det er sumar, seier de at de er veldig opptekne. No når de ikkje har arbeid på jordene, arbeid med dykk sjølve! Kom til messe, fordi dette er sesongen som er gjeven til dykk. Kjære barn, mange kjem regelmessig uansett vêr, fordi dei elskar meg og ynskjer å syne kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg ber dykk om å syne meg kjærleiken dykkar ved å koma til messe, så vil Herren løne dykk rikeleg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg vil takke alle som har lytta til mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik. Overgjev hjarto dykkar til meg! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å bestemme dykk for å tene Gud fullstendig. Eg bønfell dykk, kjære barn, om å overgje dykk fullt og heilt til Gud, og så skal de bli i stand til å etterleva alt eg fortel dykk. Det vil ikkje bli vanskeleg for dykk å overgje dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg oppmodar dykk gjennom bønene dykkar til å hjelpe Jesus med å fullføre alle planane som han har lagt her. Gje dykkar offer til Jesus slik at alt kan bli fullført slik Han har planlagt det og at Satan ikkje får utretta noko. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]