Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » PDA version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene

Medjugorje Budskapene

Bodskapen handlar om krossen som er bygd på ein åskam ved Medjugorje:
"Kjære barn! Krossen var også i Guds plan då de bygde han. Gå særleg desse dagane på fjellet og be framføre krossen. Eg treng bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Be, be! "
Marija sa at jomfru Maria kalla folk, og då særleg dei unge, tilordentleg framferd under messa.
"Kjære barn! Eg bønfell dykk, særleg dei frå dette soknet, om å leva etter bodskapane mine og overbringe dei til andre, til alle de møter. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria. "
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
"Kjære barn! Be fordi Satan ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og overgjev dykk til Jesus i bøn. "
"Kjære barn! I dag er eg glad og eg takkar for bønene dykkar. Be endå meir desse dagane om at syndarar må bli omvende. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til vedvarande bøn og bot. Lat særskilt dei unge menneska i dette soknet bli meir aktive i deira bøner. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane har de fått erfare korleis Satan arbeider. Eg er alltid med dykk, og vær ikkje redde for freistingar, for Gud passar alltid på oss. Eg har også gjeve meg sjølv til dykk, og eg sympatiserar med dykk til og med i den minste freisting. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å seia dykk, be alltid føre arbeidet dykkar og avslutt arbeidet med bøn. Om de gjer det, vil Gud velsigne dykk og arbeidet dykkar. Desse dagane har de bede for lite og arbeidd for mykje. Be difor. I bøn vil de finne kvile. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 ... 50 51 52 53 54 55 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]